annelenebleken.dk

Livsdråper III - Tro, Liv og Samfunn

Diktene i den tredje boken i diktsamlingen er samlet under temaene Tro, Liv og Samfunn, og mange dikt setter spørsmålstegn ved samfunnet. Forfatteren skriver om jorden og brødet, om penger, krig, sex, makt og mye mer. Samtidig skriver hun om det å være menneske; om å være kvinne og mann, mor og far, sønn og datter. Det er ca. 100 dikt i boken.
 
Her er noen eksempler på dikt fra Livsdråper III:
 
 
AI. SON MIN

Hjarta, hjarta. Slær du?
Kvar er du?
Finst du endå?
Leik deg barn kring mor di.
Ungdom med dans og smil.
Mann med din viv.

Leik deg verd i krig og strid.
Kall det morro når bomber fell!
Og mennesker døyr og skrik!
Menneskehjarta, leik deg i svik!

Men dei gjekk. Bar våpen.
Ropa: "Halleluja!"
Kasta bomber frå flyet ditt.
Du sa: Dette måtte du;
Bere og kaste våpen mot andre,
og andre mot deg!

Og vivet ditt ligg ved di sida.
Ho seier:
"Kjenn, sonen din lever
her under hjarta mitt."
Hjarta, hjarta banker og slær.
Den iskalde verda lær!

Strid for fred i verda.
Bli martyr!
Strid for fred i hjarta.
Du er meir enn eit dyr!
Eller skal vi seia:
"Versogod. Lat verdi forgå!"
 
 
FORMYNDARTONEN

Høyr formyndartonen bruser.
Høyr det ville kor!
Tonar - Tonar. Ord - Ord.
Frå ei utamd Hjord.

Frels oss frå formyndartonen.
Høyr eit samlingsrop.
Fadervår vi daglig hjaller.
Saml oss kring ei tru!

Hjarta, skjelv du, skjelv du
for formyndartonen i frå Hel?
Opn deg himmel!
Send eit under. Heilt og sælt!

Høgt står logen i frå Hel,
under himlens kvelv.
Eng’len Gabriel er på veg
med det glade bod.
Himmelens formyndartone:
Jul – Jul.

Høyr - Høyr den glade tonen,
bytest om frå Hel.
Ljoset spreidd på heile jorda.
Gjenklang frå formyndertonen:
Komen er menneskesonen!
 
 
GULLET OG MOLDA

No spirer du fram du grøne strå.
Dine røter spirer i mold.
Spiren er liten, men underfull.
Den inneheld mat og er vegd i gull.
Millionar på jord, ser deg, og takkar deg,
et deg og sel deg.
Du lille spire som dekkjer vår jord.
Metter folk og dyr.
Det er som eit eventyr.

Svarte molda, lysande gullet,
kappast om makta på jord.
Kamplystne kjemper, står sterke ilag.
I naturen dei begge makta har.
Dei kjøper seg sjeler. Gjer dei til trælar.
Vér sterke! Vér vak!
For alt som har makt,
kan lett bli ein avgud. Ei gru.
Molda og gullet er skapt av vår Gud,
som metter og gleder hans folk på vår jord.

Moldstøv - Gullstøv er brør.
Odlast og kjemper med klør.
Lysande gullet, det kjemper og skin.
Eit edelt metall. So fagert og fint.
Kolsvarte molda, den ligg overalt.
Den inneheld makt, av naturen skapt.
Den skyt ut spirer, strå og aks.
Gjev korn og brød.
Den hindrer hungersnød.

Brødet metter kvar svolten munn.
Dekkjer kvart bord på jord.
Barnet veks. Ver glad og sterk.
Av brød som er komen frå jord.
Gullet blenkjer - Kjøper seg brød.
Makt har dei begge to.
Makta foreiner gullet og molda.
Dei treng kvarandre dei to.

Lykkelig alle som eig ein snev.
Av molda og gullet og ikkje blir træl.
Fagert det er frå Guds skaparhand.
Er skapt til å glede kvinne og mann.
Grøderik jord.
Heilagt er alt som spirer i mold.
Den gjøymer sorga.
Gjev oss håp.
Når støvet vert mold og ånd.
Anne-Lene Bleken | - Norway and Denmark | annelenebleken@hotmail.com